Boka kjem ut på Forlaget Bla, som forlagsgründer Einar Ekroll på Larsnes står bak.

Ulsteinfotografen og forlagsmannen frå Sande har samarbeidd på fleire bokprosjekt tidlegare, også i sjangeren flyfoto. Det er 19 år sidan dei to sist gav ut bøker med flyfotografi frå Sunnmøre og Romsdal, heiter det i ei pressemelding frå forlaget.

Når veteranfotograf Eide no håper å kunne gjenta suksessen, så er det med rykande ferske fotografi av landskap, bygder og tettstader frå dei sju kommunane på søre Sunnmøre – altså Hareid, Ulstein, Ørsta, Volda, Herøy, Sande og Vanylven.

Volda Ørsta flyklubb

Per Eide rosar Volda Ørsta flyklubb for å ha bidrege til den høge bildekvaliteten i boka; dei dyktige flygarane kan på kommando gli sidelengs inn mot landskapet, noko som gjer at fotografen får betre tid på seg:

– Eg kan ta fleire eksponeringar av det same motivet. Komposisjon, vinkel og lys er avgjerande for å få gode fotografi. Flygarane ved Volda Ørsta flyklubb hjelpte meg med å bringe meg i rett posisjon i lufta, og sørga såleis for at eg fekk dei bilda eg ønskte meg, fortel Per Eide.

På sine førre flyfotoprosjekt, for snart 20 år sidan, opererte den meritterte ulsteinfotografen analogt. Den gongen brukte han to typer objektiv – normallinse og vidvinkel – og måtte skifte for kvar gong han ville endre på utsnittet.

– No har eg berre brukt eitt objektiv – som dekkjer både zoom, normal og vidvinkel. Dette gjorde fotograferinga lettare, raskare og tryggare, forklarer Per. Droner var ikkje aktuelt å ta i bruk. Det kan brukast til enkelte oppdrag, meiner han, men ikkje til eit slikt bokprosjekt som dette, der bildekvaliteten er heilt avgjerande. I høve til å fotografere stillbilde fungerer droner som eit veldig høgt stativ. Frå småfly kan han operere langt meir kontrollert, kome høgare opp og dekke større område. Ulsteinfotografen har brukt kremutstyret sitt under alle opptaka, som blei gjort på tre dagar i august i år.

– Eg har brukt eit digitalt Hasselblad med knivskarpt Carl Zeiss-objektiv, og bildebrikkane sørgar saman med innmaten i kamerahuset for ei enorm oppløysing.

– Er det andre ting som har endra seg sidan ditt førre flyfotoprosjekt, tilbake i 1996?

– Med analog fotografering gjekk det gjerne med 100 rullar med diasfilm, og ferdig framkalla kosta dette om lag 40.000 kroner. Der har det blitt ei besparing, sidan vi i vår digitale tidsalder berre har mellombels lagring på bildebrikkar, før vi tømer innhaldet i desse til ein harddisk. Også arbeidsprosessen under opptaka har blitt mykje enklare.

Betre kontroll

Per Eide fortel at han heile vegen har mykje meir kontroll med sluttproduktet no enn han hadde i den analoge tidsalderen, og at han gjennom etterarbeid med bildefilene i Photoshop perfeksjonerer bilda i høve til utsnitt, fargar, lys og kontrastar.

– Kva var det som motiverte deg til ei ny runde med flyfoto av sunnmørsmotiv?

– I lys av dei teknologiske forbetringane visste eg at eg kunne ta bilde med vesentleg betre kvalitet. Men det aller viktigaste var nok at det har vore til dels ganske store endringar «på bakken»; særleg i Ulsteinvik, Ørsta og Fosnavåg har det skjedd mykje dei siste åra. Dermed har det blitt aktuelt med nye bilde frå lufta, poengterer Per, og legg til:

– Det har forresten vore både interessant og spennande å samanlikne bøkene; forskjelen i bildekvalitet er enorm. Men då flyfotobøkene kom ut i 1996 var kvaliteten på bilde og trykk top-notch og state-of-the-art.

Fleire forfattarar

Ulike forfattarar og skribentar er blitt hyra inn til å skildre kvar kommune, der Inge Kløvning, Vidar Parr, Kjetil Hånes, Jann Flatval, Marit Kvammen og Jostein O. Mo står for tekstane.

Det er nemleg søre Sunnmøre –– som denne gongen er blitt eksponert fra lufta, og blir hylla i form av ord og fotografi.

Lansering på Sandemessa

Boka blir lansert laurdag 21. november, på Sandemessa, og det er venta at den vil kunne hamne under mangt eit juletre på søre Sunnmøre, kanskje andre stader i landet også.