Tett på 400 selde kjøkken er fasiten ved butikken i Ørsta, der kjøkken har vore ei eiga satsing i to år. Eigarane, Hareid Elektriske Handel AS, har hausta god erfaring, og satsar ni for fullt på kjøkken, også i Ulsteinvik.

– Satsinga er ein del av Lefdal sitt auka fokus på kjøkken. Vi ønskjer å gi folk i Ulsteinvik og omland moglegheita til å skaffe seg eit stilig kvalitetskjøkken til ein rimeleg penge, seier Ingar Teigene, dagleg leiar i Hareid Elektriske Handel AS.

Det blir satsa i tøffe tider, noko Teigene er klar på.

- Vi sparar oss ikkje til overskot, vi investerer oss til overskot, seier han.

To kjøkkenspesialistar

Satsinga betyr ikkje berre at ein heil ny seksjon mynta på kjøkken er på plass i butikken i Saunesmarka, men også at det må kompetent arbeidskraft til. Difor har det no blitt tilsett to kjøkkenspesialistar, som kan fikse alt ifrå enkle løysingar til utvikling av heile rom.

Ida Nilsen og Ørjan Pedersen har fått i oppdrag å hjelpe kundane så godt dei kan på vegen mot eit ferdig kjøkken.

Pedersen har vore tilsett ved Lefdal i Saunesmarka ei stund allereie, medan Nilsen har erfaring med liknande kjøkkenkonsept.

– Det blir ein spanande jobb, og vi er klare for å hjelpe kundane. Det er ei fin satsing, det er rimelege kjøkken, og det er i nærområdet. Vi trur det blir ein hit, seier Ida Nilsen og Ørjan Pedersen.

– Dei begge vil kome til å assistere dei kundane som ønskjer å teikne kjøkkena sine i butikken, men det blir også mogleg å teikne på nett heimanfrå, fortel Ingar Teigene.

Stor vekst

Lefdal-kjeda har ifølgje Teigene opplevd stor vekst dei siste månadane, og har no ein marknadsdel på 12 prosent i Norge. Veksten har berre i år vore på 70 prosent. Teigene fortel at det er somme typar kjøkken som er meir populære enn andre, men at dei skal kunne tilby noko for kvar og ein smak.

– Den bonderomantiske stilen går aldri av moten, med stilrein fasett. Vi har mykje fint.

For kvart kjøkken Lefdal sel, gir kjeda bort eit mini-kjøkken til nokon som treng det i Afrika. Dette i samarbeid med SAFI.

Det har kome på plass ei eiga stilig avdeling i butikken i Saunesmarka, der ein får sjå utstillingsmodellar av fleire ulike typar kjøkken. Foto: Ole-Ottar Høgstavoll.