- Spesielt vinterstid skapar denne bilen farlige situasjonar. Plogen får ikkje måka skikkeleg og det går kun ein bil i breidda i dette krysset, seier ein tipsar som ønskjer å vere anonym, til Vikebladet Vestposten.

Bilen tipsaren reagerer på er ein amerikansk van, av merket Chevrolet, som har stått parkert i dette krysset over lengre tid.

- Dette er ein bil som år etter år står i dette krysset. Eg har sjølv vore borti ekle situasjonar i dette krysset og nesten krasj. Ein ser ikkje bilane som kjem ovanifrå før ein rundar svingen, og då kan det være for seint. Dette er ikkje ein privat parkeringsplass!Håpar eigaren fjernar bilenPersonen som har kontakta avisa fortel at han sjølv og mange med han reagerer sterkt på dette, og at noko må gjerast snarast råd.

- Denne situasjonen er ikkje haldbar med tanke på trafikktryggleiken. Eg vil oppmode vedkomande som eig bilen til å flytte bilen så snart som råd, seier tipsaren.