– Det er ein utfordrande situasjon no, og behovet er stort for nye plassar, seier Hallstein Saunes, dagleg leiar i Link.

For å kartleggje kva bygg og anlegg som kan nyttast til mottaksføremål, har Fylkesmannen gått ut til kommunane, og pålagt dei å seie ifrå kva ein har å tilby. Behovet for akuttplassar er no særs stort, og nye typar bygg blir diskuterte som ei løysing. Sparebanken Møre Arena er eitt av desse bygga, ein stor idrettshall som Ålesund kommune ser føre seg kan huse fleire hundre menneske. Nyleg blei det også klart at Melshorn Hotell på Hareid kan tilby over hundre mottaksplassar i vinter. Fleire bygg i Herøy er også eigna, kjem det fram.

– Det kjem no spørsmål om bygg som det ikkje er vanleg å nytte til slike føremål. Lagerbygg, kontorbygg, forretningsbygg. Bygg som ikkje har vore tilpassa for menneske å bu i før. Vi ser at behovet for nye plassar er kjempestort, og at det difor melder seg slike spørsmål.

Systemet må bestå

Saunes fortel at det stadig kjem spørsmål om etableringar av akuttmottak, og at behovet for denne typen mottak berre blir større.

– Eg trur ikkje den beste løysinga er at tusen menneske skal bu i eit lager- eller kontorbygg over lengre periodar. Verken for dei som skal bu der eller for lokalsamfunnet rundt. Dette blir først og fremst akuttmottak, over kortare periodar, seier Saunes og legg til:

– Slike typar mottak trur eg uansett for det meste blir lagt til større byar. No ser vi at akuttmottak allereie er etablert i fjellgrender der asylsøkjarane blir dobbelt så mange som dei fastbuande, men dette er unntak, og desse er også berre mellombels.

Saunes håpar no at UDI og operatørane samarbeider godt, og jobbar for at det mottakssystemet ein allereie har, består. Han håpar behovet for store akuttmottak ikkje gjer noko med systemet som eksisterer i dag. Likevel må vi rekne med at kapasiteten i kvart enkelt mottak blir større enn det som har vore vanleg tidlegare. Vi må framleis gi eit godt tilbod til dei som kjem, og halde fast i eit mottakssystem som fungerer godt i norske lokalsamfunn.

Ventar på UDI

Mottaksoperatørane ventar no på bestillinga til UDI. I skrivande stund er det frå UDI utlyst 30.000 nye ordinære plassar på landsbasis. Berre i region Midt-Norge betyr dette 4-6.000 nye ordinære mottaksplassar.

– Dei har varsla ei stor utlysing på alle typar mottak, for å skaffe langvarig mottakskapasitet. Både i forhold til alle dei som har kome til no, men også i forhold til dei som kjem til landet framover. Det har lenge vore behov for 15.000 nye ordinære mottaksplassar, men det behovet er som kjent vesentleg større no, fortel Saunes.

Normalt har talet på asylsøkjarar gått opp i tida mellom juli og september, og minka igjen når det blir kaldare i vêret. Men, den store flyktningstraumen over grensepunktet på Storskog ved Kirkenes er eit nytt element.

– No er det derimot ikkje slik. Straumen held fram. Men, om ein hadde teke vekk den nye store tilstrøyminga over Storskog, som ikkje har vore der før, så har det flata ut litt.

Systemet blir belasta

– Asylinstituttet er noko av det viktigaste vi har. Det er difor alle som treng vern skal få prøvd saka si. Handteringa av dette er omfattande og ressurskrevjande for staten, og systema blir veldig belasta når det no kjem det mangedoble av det som brukar å kome. Om det i tillegg kjem mange som ikkje har ein reell asylgrunn, slik som ein ser døme på no, blir det ekstra utfordrande, fortel Hallstein Saunes.

– Det blir no handsama politisk kven som eigentleg kjem inn i landet over Storskog. Ein veit mellom anna at det er fleire som kjem over denne grenseovergangen som allereie har opphald i andre europeiske land, seier Saunes.

– Det er spesielt trist for dei som ser føre seg eit nytt liv her i Norge, som betalar i dyre dommar for å kome seg hit, men som ikkje får vere her. Det er ikkje bra for dei heller, dei kastar vekk masse viktige ressursar på noko som ikkje viser seg å vere det dei trudde det var. Samstundes belastar det eit sprengt asylsystem i Noreg og i Europa. Men ein må ikkje gløyme at dei fleste som kjem til landet vårt, kjem fordi dei treng vern, og brorparten får opphald. Våre mottak blir såleis fyrste stoppestad på eit nytt liv i Noreg.

Fekk raskt opp kapasitet

Link har allereie gjort ein stor jobb for å få på plass nok kapasitet for mindreårige asylsøkjarar som kom til Hareidlandet tidlegare i år. Men selskapet har gjort ein stor jobb også andre stader i landet.

– Det var ein stor sommarjobb, som eg kalla det. Her blei det lagt ned ein flott innsats av mange av våre 300 tilsette. Det blei ikkje berre starta på Hareid og i Ulstein, men også i Volda, på Geilo, på Dokka, i Tvedestrand og utanfor Kristiansand. Vi har meir enn dobla selskapet vårt i forhold til mottak og talet på tilsette sidan i juli, seier Saunes.

Som er klar på at det blir ei utfordrande tid framover.