Lege Vidar Vollsæter på Hareid legesenter seier til Vikebladet Vestposten at det er viktig å slå ring om lokalsjukehusa. Det gler han at det møtte så mange til demonstrasjonen i Volda. Lokalsjukehuset må vere ope og gje eit skikkeleg tilbod kvar dag, heile døgnet.

– Etter eit langt liv som vakthavande lege har eg sett ein del tilfelle der det er viktig å få akutt sjuke raskt fram til sjukehuset for å få hjelp, fortel han.

Så lenge kommunikasjonen i regionen ikkje er betre enn han er, må lokalsjukehusa bestå, med akutt kirurgi. Sjukehuset i Volda er det sjukehuset som det er raskast å kome seg til frå mange kommunar både på Sunnmøre og Nordfjord.

– Liv kan gå tapt om ein har problem med å kome seg fram i tide, er den klare meldinga frå den røynde legen.