Kaibutikken i Ulsteinvik fekk ein kort karriere. Butikken opna i juni, men annonserer no med opphøyrssal.

- Slik tidene har blitt i Ulsteinvik var marknaden ikkje lenger til stades for å drive forsvarleg. No går vi inn i ein periode med lågsesong, og eigarane i Måløy, Brunsvik Fiskeredskaper AS, har bestemt seg for å satse på Måløy, der dei har ein tilsvarande butikk.

Tris, men vi må sjå realitetane i augene, kommenterer Perdy Urke.

No blir det altså opphøyrssal av fiske- og båtutstyr, jernvarer, tauverk, regnkle, sko og mykje anna i Ulsteinvik.