Politiet gjorde ikkje noko straffbart under etterforskinga av bustadbrannen på Flusund i Herøy i 14. desember 2008, melder NTB.

Fire ungdomar mellom 17 og 22 år miste livet under brannen.

- Samla sett har det vore ei grundig og omfattande etterforsking av brannen, heiter det i avgjerda frå Spesialeininga.

Dei meiner derfor det ikkje er grunn til å opprette ei formell etterforsking av saka.

I 2009 vart saka lagt bort. Dette fordi politiet meinte etetrforskinga så langt ikkje hadde gitt grunnlag for mistanke om at nokon hadde forårsaka brannen. Men i 2013 opna Sunnmøre Politidistrikt ny etterforsking etter at pårørande hadde kjempa for å ta saka oppatt. Politiet fekk bistand frå Kripos under etterforskinga.

I januar i år vart ho på ny lagt bort.

Men i februar i år melde dei pårørande politiet for grov uforstand i tenesta, og for unnlating av tenesteplikta.

Oskar Grimstad frå Hareid er talsmann for dei pårørande. Han seier at dei førebels ikkje har bestemt seg for om dei vil reise sivilt søksmål.

smp.no