Liv-Tone Ulstein Brunstad sit i heimen i Ulsteinvik med vesle Kristian på fanget. Dei har vore gjennom eit tøft år.

Liv-Tone hadde tre friske jenter frå før, eit barn til skulle gå bra. Men det var ikkje berre eitt barn, men to i magen. Sjansen for å få føde før tida er større med tvillingar, men at dei skulle ut så tidleg, og med så mange komplikasjonar, visste ho lite om.

Alt i veke 24 av svangerskapet ville dei ut. Elisabeth overlevde ikkje, broren Kristian fekk ein prosent sjanse for å overleve. – Han var den dårlegaste dei har hatt over lenger tid på noenatalavdelinga i Ålesund, fortel Liv-Tone.

Den vesle guten var dårleg og ustabil i fire månader. Han har vore gjennom infeksjonar, leversvikt, lungebetennelse, lungekollaps, nitrogengass og 11 blodoverføringar. Magen til den vesle guten såg ut som ein sprengt ballong av all antibiotika og luft frå respiratoren.

Større sjanse for å bli blind

Alle små som er fødde før veke 32, eller har ei fødselsvekt på under 1500 gram, må ha gjennomføre synstestar på grunn av umodne auge. Auga blir tidleg disponerte for lys, og oksygenet dei premature borna får for å puste, kan angripe synet deira. Omtrent ein gong i veka måtte Kristian bli undersøkt i omtrent ein time. To typar dropar vart dryppa i kvart auge. Den vesle guten reagerte så kraftig på desse undersøkingane at han måtte få nesten dobbel dose oksygen. To gong vart han så dårleg av undersøkinga at dei trudde han skulle døy, eine gongen kollapsa lunga.

Hadde sjukehuset i Ålesund hatt eit netthinnekamera ville undersøkingane vore langt enklare og raskare. Dei kunne ha filma i 3–4 minutt, for å så studere filmen. Då kunne legen samanlikna filmane for å sjå på utviklinga, og han kunne ha sendt det til kollegaer, på tvers av avdelingar og sjukehus, om det var noko han ville referere med andre. Augelegen i Ålesund ville eigenleg sende Kristian til Trondheim for undersøking, men han var for dårleg for reise. Å reise til Trondheim i helikopter er ei tøff påkjenning for ein liten kropp på under ein kilo.

Treng 1,1 million

Ei netthinnemaskin kostar 1,1 million kroner. Gjennom foreininga «De små vil også gjerne se» samla Liv-Tone inn pengar i lag med Anette Iren Myklebust Haram frå Ålesund.

Innsamling:

Gjennom foreininga «De små vil også se» samlar dei inn pengar til netthinnemaskin i Ålesund. Det er oppretta eiga gruppe på Facebook. Kontonummeret for å gje er 6001.05.14781.

Den 16. desember blir det konsert i Ulstein kyrkje for å samle inn pengar til føremålet.

Ho oppmodar bedrifter om å gje ei lita gåve til dei.