Den unge mannen har forklart til Søre Sunnmøre tingrett at han ein av dagane under Fosnavåg Rock i sommar begynte å drikke whisky rundt klokka 17.30. Han drakk nesten ei  heil flaske før han gjekk ut ca. klokka 19.30.

Han er usikker på kor mykje øl han drakk medan han var ute, men trur det er snakk om fem-seks øl.

Rundt klokka 01.00 meinte han det var på tide å legge seg, og sette seg i bilen for å køyre heim. Han var klar over at han var berusa.

På vegen møtte han politiet, som stoppa han.

Mannen har erkjent forholdet.

Utåndingsprøva viste ein redusert verdi på 0,95 milligram per liter luft.

- Det er straffeskjerpande at mannen køyrde med ein stor alkoholkonsentrasjon i blodet på ei tid av døgnet der det var pårekneleg å møte andre trafikantar. Det var festival i sentrum denne helga og mykje folk ute, heiter det i oppsummeringa frå Søre Sunnmøre tingrett.

Straffa vart altså på fengsel i 21 dagar. Utan tilståing hadde det blitt nokre dagar til i fengsel.