– Etter over tre timar på magen bak rifla i vind og regn, klarte eg endeleg å identifisere denne karen. Han gøymde seg så godt han kunne i skuggane, men måtte til slutt eksponere seg på 150 meters hald. Eit perfekt skot høgt i ryggen sikra dyr nummer 19 i år og 372 i mi karriere som hjortejeger i Hjørungavåg, fortalde Knut Erik Rognes via si Facebook-side grytidleg tysdag morgon.

23. desember er det slutt for i år. Med litt under ein månad med hjortejakt igjen er det derimot fleire som trappar ned jakta allereie no. Rognes sjølv skaut mykje hjort i starten av sesongen.

– For dei fleste har det byrja å dabbe av. Mange er nok ferdige med skytinga, seier Rognes.

I det siste har det vore greie forhold for jakt igjen, mykje takka snøfallet som kom nyleg.

– Det har mykje med kva for vêr det blir. Med mykje snøv, slik som det var no i nokre dagar, så er det enklare å sjå dyra i kontrast med terrenget. Kvite markar berga meg denne helga.

Uvanleg lenge vekke

Knut Erik fortel at hjortejakta jamt over har vore god i år, men at det likevel har vore litt annleis.

– I år har vi opplevd at det har vore 6–7 veker utan at vi har sett ein einaste hjort i Hjørungavåg og på Ulset. truleg har dette skjedd fordi det er for lite bukkar i terrenget. Dei har gått lenger ned mot Snipsøyrdalen, sikkert grunna brunsttida. No kjem det derimot mykje dyr på markane med oss igjen, seier Rognes.

Jakttur til Sør-Afrika

For ein jaktentusiast, og profesjonell skyttar som Knut Erik Rognes, tek ikkje skytinga slutt fordi om hjortejakta snart er over for i år. Han skal nemleg på tur til Sør-Afrika i desember, på ein tur som ein av sponsorane hans syter for.

– Det er eit firma i Sør-Afrika som produserer kuler, som vil ha meg ned dit for å teste produktet. Eg får vere med å jakte på vortesvin, små antiloper, eland og andre dyr. Du kan seie eg gler meg til å kome vekk frå kulden og ned i varmen, seier Knut Erik Rognes.

Som reiser frå nokre få plussgrader til 40 grader i skuggen, langt sør for ekvator.

Nummer 19: Natt til tysdag felte Knut Erik Rognes hjort nummer 19 i år, og nummer 372 i karrieren som hjortejeger. Rekorden til Knut Erik på ein sesong er heile 36. Foto: Privat.