Det regnar tett, og torsdag ettermiddag renn vatnet i strie straumar nedover vegen i Johanmarka i Eiksund. Midt i vegen ligg det fleire store steinar. Teknisk etat og brannvesenet er på staden for å ordne opp.

Det ligg fleire store steinar i vegen. Det skal vere eit sluk oppe i bakken som har gått tett. Dei som ikkje må opp i Johanmarka akkurat no gjer lurt i å halde seg unna. Skal du andre stader i Eiksundbygda kan det vere lurt å ikkje leggje køyreturen forbi Johanmarka.

Det same skjedde i Eiksund på denne tida for to år sidan: Fløymer over i Eiksund

Klokka ti i kveld var rista i sluket som var gått tett reinska for kvist og skrot som hadde tetta for. No som denne rista er reinska renn vatnet unna. Gravemaskin arbeider no for å reinske eit anna sluk nede i feltet. Alt vatnet har teke med seg ein del grus og lausmasse på veg nedover vegen.

Vegen var køyrbar før midnatt.