I følgje rettspapira til Søre Sunnmøre tingrett har mannen tilstått at han ein laurdag i tidsrommet 16.30 til 19.00 drakk litt over fire halvliterar med øl. Før han begynte å lage middag, la han seg ned for å sove i 20 minutt. Men så kom han på at han hadde lova å hente ein ung person. Han tenkte ikkje over at han hadde drukke alkohol, og køyrde derfor bil likevel.

Då han vart stoppa av politiet, var det ein ung passasjer med i bilen. Politiet tok blåseprøve av føraren, og den viste utslag. Mannen måtte derfor vere med til politistasjonen for å gjennomføre alkoholutandingsprøve. Den gav eit utslag på 0,58 milligram alkohol per liter luft.

Mannen har erklært seg straffeskuldig i samsvar med siktinga.

Straffa vart tap av førarretten i 23 månader, ei bot på 37.000 kroner og 18 månaders fengsel. Fengselsstraffa er utsett med ei prøvetid på to år.

I skjerpande retning har retten lagt vekt på at han hadde ein ung passasjer i bilen, og at køyringa fann stad over ei relativt lang strekning, ca. 10 km.

Men utan tilståinga hadde den betinga fengselsstraffa blitt nokre dagar høgare.