Søre Sunnmøre tingrett avsa dom i saka 18. november.

Retten finn det bevist utover ein kvar rimeleg og fornuftig tvil at mannen, som er busett på ytre søre Sunnmøre, i ein periode på heile 12 år har skubba, slått, sparka og knipe den langt yngre sambuaren sin.

Han har blant anna drege kvinna ut av ein bil, slengt henne i bakken og smelt igjen bildøra over handa hennar då ho strekte seg inn i baksetet for å hente veska sin.

Kvinna vart sendt til sjukehus i Volda, og epikrisen fortel om skader i blant anna ei hand.

Ved eit anna høve har mannen under ein fest slengt sambuaren i bakken og sparka henne i ryggen og ribbein. Det var fleire vitne til denne hendinga.

Ein annan gong har kvinna fortalt politiet om ein episode der han gav henne minst 20 slag.

Den tiltalte mannen har nekta for å ha vore valdeleg mot sambuaren, og stiller seg uforståande til at han har hamna i ein slik situasjon.

Kvinna trekte anklagene

I eit brev i september i år, med påfølgjande politiavhøyr, trekte kvinna tilbake anklagene mot sambuaren. Ho sa at dei tidlegare forklaringane var falske, og skulda på at ho hadde vore påverka av alkohol, sovetablettar, allergitablettar og anna. Ho sa at ho følte skuld for at det hadde blitt ei sak, og at sambuaren aldri hadde gjort henne noko.

Dei er framleis sambuarar.

Men retten har kome til at politiforklaringane gjennom meir enn ti år, vitneføringa til andre personar og dokumentbevis som er lagt fram i retten, teiknar eit heilt anna bilete av situasjonen enn det tiltalte og den fornærma skildra i retten.

-  Retten forstår at fornærma opplever det vanskeleg å vitne mot tiltalte, og at det er vanskeleg å forklare seg om det som har skjedde, men finn det naturleg å legge til grunn at det fornærma har forklart og gav avtrykk for i avhøyr i 2013, var reelt, heiter det blant anna i rettsreferatet.

- Vald i nære relasjonar er eit alvorleg samfunnsproblem, og allmenpreventive omsyn gjer det naudsynt å reagere strengt mot denne typen lovbrot, meiner retten.

- Sjølv om det ikkje er snakk om grov vald, har valdsbruken vore retta mot fleire deler av kroppen til fornærma, blant anna andlet og hovud, og retten meiner at fleire av handlingane har hatt stort skadepotensiale. Retten meiner det har vore eit gjentakande mønster frå den tiltalte, der han har brukt makt overfor fornærma, og at det har pågått over lang tid.

Lang liggetid hos politiet

Men politiet har brukt langt tid på å få saka oversendt til retten, og retten har kome til at dette gjer at lengda på straffa bør bli redusert.

Retten har derfor bestemt at straffa blir sett til eitt år og sju månader og at sju månader blir gjort betinga, med ei prøvetid på to år.

Mannen er to gonger tidlegare straffa for vald.