Eit 20-30 meter breitt jordras gjekk i Rindesvingane mellom Sandvika og Lianeset i Ørsta i 20.30-tida fredag kveld.

Statens vegvesen melder at vegen truleg vil vere stengd heile natta og at trafikantane må basere seg på å nytte Hareid-Sulesund-sambandet, der det er nattferje.

- Det buldrar i området der det har gått to ras i ei renne, fortel politibetjent Matz Kroken Åsebø til Møre-Nytt.

Raset skal vere mellom ein halv og ein meter høgt.

Det er ikkje busetnad der skredet, som liknar eit vassglop, har gått. Området er rasutsett og der er forma løp i terrenget for å hindre ras i å nå ned til E39.

Årsaka til skredet er store nedbørsmengder. I 36-timarsperioden fram til fredag kveld er det venta mellom 70 og 120 mm nedbør.

*

Torsdag kveld gjekk det også eit ras over vegen i Dalsfjorden, mellom Steinsvika og Dalsbygda. Vegen der er også stengd inntil vidare.