Politiet melde på twitter i kveld (torsdag) at ein 13 år gamal gut er sakna i Ulsteinvik.

Han har ein sjukdom som gjer at han har vanskeleg for å orientere seg i tid og stad.

Han vart sist sett klokka halv fire i dag.

I god behald

Politiet gjekk ut med signalement på den unge guten og saka spreidde seg raskt på sosiale media. Men no seint i kveld kom det melding frå politiet om at guten er komen til rette og er i god behald.

Politiet er på veg til staden for å hente vedkomande. Han skal ha vore på kino.