Tredjeferja Høgsfjord er som kjent no i sambandet Årvik – Koparnes for å assistere der, som følgje av ein teknisk svikt med den ferja som vanlegvis går der.

- Det er heilt i tråd med avtalen vi har med Norled, då denne tredje ferja er ei seglande reserveferje for andre samband, og i dette tilfellet har vi rett og slett hatt maksimal uflaks, seier rådgjevar i Statens vegvesen, Knut Naustet til Vikebladet Vestposten.

Problematisk

På grunn av ras i Ørsta og sperra veg, må trafikken til Ålesund gå via sambandet Hareid-Sulesund. I tillegg er altså den tredje ferje i sambandet på eit anna oppdrag, så det har blitt kaostilstandar på ferjekaia.

Det har i løpet av dagen blitt fremja fleire spørsmål både frå media og publikum om ikkje ferjemateriell frå Solavågen-Festøya kunne gått over i sambandet for å assistere Ullensvang og Tidefjord. Diverre er ikkje dette ei løysing som er mogleg å få på plass med ein gong, seier Naustet.

- Spørsmålet er relevant det. Men, dette er ikkje noko som kan fiksast med ein gong. Først av alt er det eine sambandet eit riksvegsamband, medan det andre er eit fylkesvegsamband. Det er to ulike kontraktar og to ulike selskap som driftar sambanda. I tillegg er det også slik at kaiene ikkje er heilt like i forhold til fallemmane. Norled og Fjord 1 har to ulike løysingar på dette. Fordi det er slik må ein ha ekstra sikringsmateriell eller sperremateriell, tilgjengeleg om bord i ferjene, som kompenserer for forskjellane. Om ikkje tilhøva er tilpassa kvar enkelt ferje kan det mellom anna oppstå glipper mellom ferjene og lemmen, og dette er alt for skummelt å risikere, seier Naustet.

Tek sjølvkritikk

Han fortel vidare at Statens vegvesen tek sjølvkritikk angåande dagens situasjon, og at ein ikkje på førehand har vore godt nok førebudd på at ein slik situasjon kunne oppstå.

- Her skjedde det to ting på same tid som har ført til lange køar og kaos. Vi er nøydde til å ta fatt i denne situasjonen, og vere meir budd på denne typen hendingar i framtida. Eg kjenner igjen problemstillinga frå tidlegare, men vi har ikkje vore godt nok førebudde denne gongen, seier Naustet.

- Kvifor har dykk ikkje betre rutiner når det skjer det som skjer i dag på sambandet Hareid-Sulesund, når spørsmål om å flytte ferjemateriell frå eitt samband til det neste har dukka opp tidlegare?

- Vi tek med oss poenget i samband med dagens hending. Vi må no be selskapa om hjelp for å vite kva som skal til for at vi har det fysiske på plass, for at vi skal kunne gjere slike rokeringar. Vi må sjekke kaiene i forhold til baugane, om dei stikk like djupt, og slike ting. Det må vere tilgjengeleg eit minimum av sikringsmateriell eller sperremateriell. Dette for at ferjetrafikantane kan vere trygge.

Naustet fortel at Vegtrafikkssentralen i ettermiddag ikkje har fått ytterlegare meldingar om trøbbel i sambandet, men at Statens vegvesen har fått mange tilbakemeldingar frå publikum.

- Vi har mellom anna hatt kontakt med Norled om deira moglegheiter til å gjere noko. Dei hadde ikkje moglegheiter før til kvelden. Vi må sjå korleis dette utviklar seg, seier Knut Naustet til slutt.