I ein sving på veg til Brandal frå Hareid gjekk det i ettermiddag/kveld eit lite ras. Det skal ha hamna ein del jord uti vegen. Teknisk etat rykte ut for å rydde opp. Bilistar gjer lurt i å vere litt observante i tilfelle det ligg restar igjen.