Klokka 10.15 strekte bilkøa ved Hareid ferjekai seg heilt bort til Sparebankbygget i sentrum. Dette er ikkje den tida på døgnet då trafikken vanlegvis er størst på fredagane, så reisande må rekne med lang ventetid på Hareid-Sulesund utover dagen.

I sambandet går det no berre to ferjer, Tidefjord og Ullensvang. Høgsfjord er sett inn som reserveferje på sambandet Årvik-Koparnes.

Lysreguleringa har svikta

For ei stund sidan vart det installert lysregulering ved Hareid ferjekai for å ordne opp i køproblema. Men lysreguleringa har svikta i dag, og det er ingen til å dirigere trafikken manuelt.

Politiet er no komne på staden.

Kor lenge Europaveg 39 blir stengt er uvisst. Statens vegvesen skal gjere ei ny vurdering rundt klokka 11.00.

Medan vegen er stengd i Ørsta må trafikken gå via fylkesveg 61, som omfattar blant anna Hareid-Sulesund, eller over fylkesveg 60 - Kvivsvegen.