Den absolutte påmeldingsfristen 10. desember begynner også å nærme seg.

Så langt har det kome inn ein del herrelag. Men det går heller treigt med påmeldingane til dameklassen og ungdomsklassane (vil helst ha eigne puljer for gutar og jenter for ungdommen).

-  Vi oppmodar derfor turneringskomiteen, no spesielt damene og ungdommen om hive seg rundt. I desse klassene er det ingen "utlendingsregel". Denne regelen gjeld i herreklassen, og betyr at du kan ha med tre spelarar som ikkje bur på Hareid eller har budd tre år på Hareid (det finst også nokre andre unntak, opplyser cupgeneral Kristian Angelsen og dagleg leiar Anita Waage i Hareid IL Fotball.

Sjekk grendacupen.hareidil.no).

Ungdomsklassen gjeld for dei i ungdomsskulealder.

Les meir på grendacupen.hareidil.no.

Sparebank1 Grendacupen går som vanleg 28. og 29. desember.

Turneringa blir arrangert for 22. gong. Og det er 16. året Hareid IL står bak arrangementet.

Fotoet: