Torsdag kveld gjekk det eit jordras på E 39 mellom Lianeset og Sandvika i Ørsta. Statens vegvesen var raske til å melde at vegen truleg ville vere stengd heile natta og utover fredagen og at trafikantane kunne bruke fylkesvegsambandet Hareid – Sulesund i staden. Fredag klokka 10.15 var bilkøen komen heilt ut til Sparebanken Møre, og berre to ferjer gjekk i sambandet. Den tredje, Høgsfjord, var flytta til Åram-Koparnes. Og på ferjeoppstillingsplassen hadde den nye trafikklysdirigeringa slutta å fungere. Utover formiddagen var det ikkje sett inn noko manuell dirigering før politiet kom. På redaksjonsmailen hagla det utover dagen inn meldingar frå folk som var fortørna over at Statens vegvesen ikkje hadde beordra ei av ferjene på Festøy-Solevåg, der det var lite trafikk, inn i sambandet Hareid-Sulesund. Hos Statens vegvesen fekk vi fredag ettermiddag vite at dei ikkje kunne flytte Solevåg-ferja til Hareid, fordi Norled og Fjord1 har ulike løysingar på kai- og fall-lemmane sine og at ingen av ferjene hadde sikringsmateriell som kunne kompensere for skilnaden om bord. Tryggleiken må sjølvsagt gå først, men Statens vegvesen var fredag ikkje godt nok førebudde. System må samordnast, slik at ferjene kan legge til både ved Hareid og Solevåg ferjekai.