Då Ulstein kommunestyre godkjende det nye byggjefeltet på Dimna, kalla Skulehaugane, kom det eit klart ønskje om at namnet på byggjefeltet måtte vurderast på ny.

Fleire meiner feltet heller bør heite Legehaugen eller Legehaugane.

No har saka på ny vore oppe i Namnenemnda. Dei held fast på vedtaket sitt om at bustadfeltet i Dimna bør heite Skulehaugane i samsvar med tidlegare vedtak. Namnenemnda grunngjev det med at Legehaugen eller Legehaugane er eit nmna som seier lite om plasseringa. Skulehaugane er tilliks med Legehaugane eit namn som er lokalt forankra og som dessutan har følgt vedtaksprosessen for bustadfeltet i fleire tiår, heiter det i vedtaket. Vedtaket i nemnda var samrøystes.

Opp til teknisk utval

Onsdag 2. desember skal saka opp i teknisk utval i Ulstein kommune. Kommunarsjef teknisk rår utvalet til å følgje tilrådinga frå namnenemnda.

Kva teknisk utval vedtek står att å sjå. Ein stor del av medlemene i teknisk utval er bytta ut sidan førre gong saka var oppe i utvalet. Det er teknisk utval som er kommunen sitt namnemynde, det vil seie at det er dei som gjer endeleg vedtak i slike saker.

Perly Pedersen er leiar i Namnenemnda. Dei står på sitt. Foto: Andreas Steinnes Bjerknes