Hareid kommune har fått brev frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet , IMDI, med oppmoding om å ta imot fleire flyktningar dei næraste åra. Bakgrunnen er den store flyktningkrisa.

Saka skal til handsaming i Hareid formannskap og til kommunestyret 17. desember. Rådmannen rår til at kommunen held seg til vedtaket som vart gjort i september i år, der det heiter at kommunen til ei kvar tid i perioden 2015-2019 kan ha busett 65 flyktningar som utløyser integreringstilskot. Rådmannen viser til at oppmodinga frå IMDI blir oppfylt innanfor det vedtaket.

77 flyktningar til Ulstein

Rådmannen rår ulsteinpolitikarane til å ta imot og busetje flyktningar i tråd med førespurnaden frå IMDI for perioden 2017-2019, totalt 77 personar i perioden. Administrasjonen skal få fullmakt til å disponere plassane for kvart år i samråd med IMDI. Innanfor vedtaksramma kan Ulstein kommune årleg busetje 4–5 einslege mindreårige frå og med 2016. Familiesameining kjem i tillegg.

Saka går innom levekårsutvalet og formannskapet før ho blir avgjort i kommunestyret 17. 12. 15.

I Ulstein kommune bur det i dag om lag 130 personar som har kome til kommunen som flyktning dei siste fem åra, kjem det fram i papira til levekårsutvalet.

Kommunen har over tid busett fleire flyktningar enn det IMDI har bede om. Rådmannen meiner at dei generelt har funne seg godt til rette og at integrering har fungert på ein tilfredsstillande måte.

Men etter dei har gjennomført introduksjonskurset er det berre 53 % som er i arbeid eller studie, nett som landsgjennomsnittet.