Det var torsdag at Sunnmøre regionråd kunne presentere dei ferske resultata av ei undersøking Sentio Research Norge AS har utarbeidd for dei. Ei undersøking der 2.500 intervju blei gjennomført, med 200 av dei i Ålesund, og 100 intervju i dei resterande 18 kommunane på Sunnmøre.

Resultata varierer sjølvsagt frå kommune til kommune, og i Hareid kommune og Ulstein kommune er ikkje tala så ulike det som kom fram i fjor.

I år er det heile 91 prosent av innbyggjarane i Hareid som kan tenkje seg å slå saman kommunen med nabokommunen Ulstein. I Ulstein er det 78 prosent som kan tenkje seg å slå seg saman med Hareid kommune.

I Hareid er det også ein stor del, nærmare bestemt 70 prosent, som kan tenkje seg kommunesamanslåing generelt. I Ulstein er det 68 prosent som tenkjer det kan vere ein god tanke.

Nyttig statistikk

Når det gjeld samanslåing med andre kommunar rundt Hareidlandet har oppslutnaden blant folk dala mest markant i Hareid, men også litt i Ulstein.

I Hareid kommune har viljen til samanslåing med ein eller fleire av nabokommunane gått ned frå 74 prosent i fjor, til 61 prosent i år.

I Ulstein er det ein langt mindre nedgang, frå 65 prosent av dei spurde i fjor, til 63 prosent i år.

Ulstein hadde bestilt ekstra spørsmål i denne undersøkinga, og fekk mellom anna vite at:

* Nærmare to av tre i Ulstein meiner at kommunen bør bygge ein ny og større kommune saman med ein eller fleire av nabokommunane.

* Ulstein er første- eller andrevalet til folk i alle dei andre kommunane på Ytre Søre Sunnmøre når dei vert spurde om kven heimkommunen bør gå saman med.

* Blant innbyggarane i Ulstein vil 91 % gå saman med Hareid, 47 % med Herøy, 33 % med Sande og 16 % med Vanylven.

Godt grunnlag

– Undersøkinga gir oss eit godt grunnlag til å jobbe vidare med kommunereforma. Det er gledeleg at både Ulstein sine innbyggarar og dei fleste nabokommunane er positive til reforma. Aller mest gledeleg er det at Ulstein kommune står fram som den mest attraktive partnaren på Ytre Søre Sunnmøre, seier ordførar Knut Erik Engh via Ulstein kommune sine nettsider.

Hareid-ordførar Anders Riise ser at nedgangen i viljen til å slå seg saman med andre enn Ulstein har vore markant, men ser likevel ein klar tendens.

– Dei tala som gjeld Hareid, Ulstein, Herøy og Sande, viser heilt klart at det er forholdsvis stor vilje til å slå i hopa alle fire kommunane, og det er bra.