Laurdag 16. januar blir songsolistane Bror Magnus Tødnes og  Yngve Søberg med på Nyttårskonserten til Ulf og HDU.

Tradisjonen tru er Musikklaget ULF og HDU nok ein gong klare til Nyttårskonsert på Sjøborg Kulturhus. Laurdag  16. januar er vi stolte av å presentere nyttårskonserten for 16. gong!

Nyttårskonserten er eit av dei store høgdepunkta gjennom sesongen! I år er vi spesielt stolte over å få med oss vår eigen lokale tenor solist, Bror Magnus Tødenes. Vi har lenge jobba med å freiste baryton Yngve Søberg til Ulsteinvik, og i år har vi endeleg lukkast! Tødenes og Søberg har to unike stemmer, som saman vil dei gi oss ei fantastisk konsertoppleving. Det er berre å gle seg!

Frå Eiksund

Bror Magnus Tødenes: (født 1993) er oppvaksen på Eiksund i Ulstein kommune. Han interesserte seg tidleg for musikk, og vegen gjekk frå pianotimar i åtte års alder, via elektrisk gitar i ungdomstida fram til klassisk song og opera på musikklinja på vidaregåande. Som 17 åring fekk Tødenes vere med i talentutviklingsprogrammet ”Unge Musikere” som songar ved Institutt for Musikk ved NTNU i Trondheim, og har avslutta 2. året på Bachelorstudiet i klassisk song og opera. Hausten 2014 flytta han til Roma for å studere ved Conservatorio di Musica Santa Cecilia. Der har han fordjupa seg i italiensk opera og Bel Canto-stil med bl.a. professor Elizabeth Norberg-Schulz som lærer. Bror Magnus blir beskrive som ein spintotenor og har opparbeida seg eit stort og variert repertoar innan lieder og opera, samt mottatt fleire talentstipend.

Ettertrakta

Yngve Søberg: (født 1978) har si utdanning frå Musikkhøyskolen i Oslo og Det Kongelige Danske Operaakademi i København. Søberg er tilsett ved Den Norske Opera og Ballet, der han gjer dei fleste hovudrollene i det romantiske repertoaret av komponistar som Verdi og Puccini. Yngve er ein ettertrakta konsertsongar, og gjestar stadig store skandinaviske orkester. «Vesentlig, oppsiktsvekkende stemme-

begavelse», var ei av tilbakemeldinga då Yngve Søberg i 2012 mottok eit av Noregs største kulturstipend: Tom Wilhelmsens Stiftelses opera- og ballettpris.  Søberg har også mottatt Ruud Wallenberg Prisen og årets pris frå Den Norske Operas Venner.

Vi er stolte av å få samarbeide med så dyktige og erfarne solistar. I år er det Musikklaget ULF sin nye dirigent, Frode Dalhaug, og HDU sin dirigent Jette Hougaard Holstad som har det musikalske ansvaret for Nyttårskonserten. Vi er også stolte over å kunne presentere Kjersti Kleven som årets konferansier. Programmet for konserten vil vere variert og innhaldsrikt med flotte song- og soliststykker, humor og grandios korpsmusikk. Som vanleg har vi også nokre overraskingar på lur. Vi ynskjer alle musikkinteresserte hjarteleg velkomne til nok ein storslagen nyttårskonsert! Husk, billettsalet startar allereie 1. desember