- Vi må berre slå fast at dette ikkje var bra nok, men vi lovar å gjere det godt att neste år, kommenterer kultursjef Leif Ringstad i Ulstein kommune.

Han fortel at mange har vendt seg til kulturkontoret og uttrykt at dei er skuffa over at julegrantenninga uteblei på årets første søndag i advent, slik det har vore tradisjon for i over 50 år i Ulsteinvik sentrum.

Skulle gjere ein vri

I år var planen å gjere ein vri. Julegrana skulle tennast på Kulturalmenningen laurdag, som ein del av Julemarknaden. Men veret var så dårleg at arrangementet vart flytta innahyses, og dermed vart det ikkje noko av julegrantenninga.

Planen var å likevel ha lys i den store grana på rådhusplassen i heile desember.

Tradisjonelt neste år

- Vi har hatt ei oppsummering her på kulturkontoret. Vi har fått mange tilbakemeldingar frå folk som vil ha julegrantenninga på rådhusplassen, og vi har bestemt oss for at det kjem til å bli  arenaen nesten år. Då blir det full pakke, med korps og songkrefter. Just som andre år.

Lysa i julgrana på rådhusplassen vart sett på søndag, men sterk vind gjorde at dei slutta å verke natt til månda. Ut må ettermiddagen skein dei igjen i det regntunge landskapet.

Lys i grana på rådhusplassen er ei utfordring. Vi må ha lift for å få dei på plass, og veret på våre kantar gjer at dei har lett for å kople seg ut, forklarer Ringstad.