Det er Inger-Anne Almestad og Torstein Jenssen som har kjøpt det gamle huset. Dei er busette i Oslo, men Inter-Anne Almestad er frå Almestad i Gursken, og har drive Bella Blå i Fosnavåg, skriv lokalavisa Vestlandsnytt.

Rønneberghuset vart lagt ut for sal for tre år sidan. Det melde seg fleire interesserte, og ei stund var det planen at ei lokal stifting på Larsnes skulle ta over huset, men ingen ting skjedde før no.

- Vi har spøkt om det, at vi har kjøpt oss massevis av arbeid. Men vi ser lyst å det. Planen er heilt klart å renovere husa på tunet og få ein god heilskap, seier Inger-Anne Almestad til Vestlandsnytt.

Rønneberghuset står på såkalla gul liste i SEFRAK-registeret, noko som blant anna gjer at ytre fasade skal haldast i gammalt stil.

Familien Almestad Jenssen har ikkje planar om å bu fast på Larsnes, dei ser i første omgang på huset som eit fritidshus og fritidsprosjekt.

Det meste av utmarka og den private gravplassen til Rønneberg-familien er utskild frå eigedomen.Det ser sjølve tunet som er selt, med ei stor tomt på rundt 7 dekar.

Prisantydinga ved siste salsrunde låg på 1,95 million kroner. Det er venta at ei full renovering av husa vil koste meir enn prisen for heile eigedomen.