- Dersom vi kan forhindre brann eller få stoppa ein brann før den utviklar seg, så sparer vi folk for store tap, både menneskelege og materielle, seier salsleiar i Møretrygd, Fred Hansen.

Dei siste åra har Møretrygd brukt Røykvarslerens dag, 1. desember, til å dele ut batteri til røykvarslarar i lag med gode råd om branntrygging. Du får så mange batteri du treng. Det viktigaste for Møretrygd er å drive førebygging.

- Vi vil gjere det tryggare for folk, seier Fred Hansen.

Møretrygd inviterer inn til kontoret i Hamnegata i Volda/Holmsildgata i Fosnavåg/Kongens gate/ kontora på Sunnmøre til utdeling av batteri og gode råd, kaffi og kaker.

Brann kan førebyggast, og røykvarslarar reddar kvart år mellom ti til femten liv. Men då må røykvarslarane ha batteri som verkar.

- Vi deler ut batteri ein gong i året, på Røykvarslarens dag, men det er også viktig å vite at seriekopla røykvarslarar bruker meir batteri enn dei tradisjonelle røykvarslarane, og difor må desse både sjekkast oftare og kanskje få skifta batteri oftare. Og tirsdag er du velkomen innom oss, for å få nye batteri, seier salsleiar i Møretrygd, Fred Hansen.

Hungrige etter branntrygging

Møretrygd er eit lokalt forsikringsselskap for Nordvestlandet med kontor i Fosnavåg, Volda og Ålesund. Dei er dei einaste som deler ut batteri til røykvarslarar direkte til publikum. Fred Hansen seier dei opplever at folk tek godt i mot tilbodet og at Røykvarslarens dag er ein aktivitetsdag som vert godt besøkt.

- Ut frå kor mange som er innom kontora våre desse dagane, så verkar det som om folk er hungrige etter informasjon om branntrygging.

Det er både unge, vaksne og eldre som kjem innom kontora til Møretrygd på Røykvarslarens dag.

- Det kan sjå ut som om brannførebygging i enkelte samanhengar vert mindre prioritert no enn før, så då ønskjer vi i Møretrygd å satse på det, for å vere med å spreie informasjon om korleis ein kan forhindre brann.

For i tillegg til utdeling av batteri, vil også Møretrygd by på gode råd om førebygging. Det vert gjort i samtalar, med å dele ut brosjyrar – og med konkurranse der premiane er branntryggingsprodukt som brannslokkingsapparat, brannteppe og reiserøykvarslarar.  I tillegg vert det servert kaffi og kaker.

Gode råd mot brann

I år vil Møretrygd i tillegg bruke tida inn mot jul til å minne folk om brannfeller knytt til adventstid og julefeiring. Gjennom ein facebook-kampanje vil det bli gitt gode råd som kan hindre brann i det som er den store brannmånaden. I desember brenn det nesten 50 prosent oftare enn elles i året.

Mykje aktivitet på kjøkenet, ekstra bruk av både levande lys og elektriske lys er mellom årsakene, og desse emna vil Møretrygd ta vil gi gode råd om utover i adventstida.

Råd om røykvarslarar

Det er lovpålagt med minst ein røykvarslar i kvar bustad.

Men bruk fleire røykvarslarar. I bustader med mange rom og/eller fleire etasjar, bør røykvarslarane seriekoplast.

Ha minst ein røykvarslar i kvar etasje.

Overvakingsområdet til kvar røykvarslar bør ikkje overstige 60 kvadratmeter og avstanden mellom kvar varslar bør ikkje vere større enn tolv meter.

Normal levetid for røykvarslarar er åtte til ti år, og bør byttast ut etter den tid.

Sjekk røykvarslarane ein gong i månaden. Skift batteri minst ein gong i året.

Kjelde: Møretrygd/DSB

Faktaboks

Møretrygd har drive med forsikring i 149 år.

Selskapet er forsikringsselskap for Nordvestlandet med lokal forankring og kontor i Ålesund, Volda og Fosnavåg.

Møretrygd er totalleverandør av skadeforsikringar til privatpersonar, næringsliv og reiarlag.

Silviann Helde Kvalsund, Jens Berge og salsleiar Fred Hansen på Møretrygd sitt kontor i Fosnavåg deler ut batteri og gode råd. Foto: Torill Myren