Molde næringsforum har starta eit prosjekt som blant anna går ut på å tilby fellesskap og erfaringsdeling gjennom eit Leiarforum retta mot kvinner, skriv Sunnmørsposten.

Gir bort:

Prosjektet omfattar også "Pippidagen" for jenter i vidaregåande skular. Der får jenter informasjon om kva jobbar som finst i regionen, og korleis dei kan utvikle seg til å bli leiarar.

Eit forslag går ut på at Møre og Romsdal fylkesting skal løyve 744.000 kroner til prosjektet.

Hanne Notøy (Ap.) frå Ulstein er nestleiar i Regional- og næringsutvalet. Ho seier til Sunnmørsposten at ho legg vekt på at det å få fleire kvinner til fylket er eit satsingsområde.

- All statistikk viser at fylket som heilskap har problem med å trekke til seg kompetent arbeidskraft. Derfor er slike prosjekt viktige. Sjølv om mange av arbeidsplassane i seg sjølv er mannsdominerte, og kanskje særleg på Sunnmøre, er arbeidsplassane i seg sjølv kjønnsnøytrale. Ei kvinne kan like gjerne gjere jobben som ein mann. Det må vi kommunisere ut, og det er berre å søkje. Vi er positive til slike prosjekt, uansett kvar i fylket søknaden kjem frå, seier Hanne Notøy.

Kvinneprisen til Hanne Notøy: