- Eg meiner det er bra at dei har stengd tilgangen. Det var ikkje det som var målet mitt då eg skreiv denne statusen, målet mitt var at det skulle bli ein slutt på mobbinga som føregjekk via denne appen her i området. Om ei mellombels stenging av appen her i Ulstein er det som skal til for å få slutt på det, då er eg nøgd.

Det seier Ingrid Blindheim til Vikebladet Vestposten.

Ho har i stor grad fått positive tilbakemeldingar etter at ho tysdag valte å publisere ein status på Facebook, med eige namn og bilete, i motsetnad til slik det blir gjort i Jodel-appen, anonymt.

- Det hadde rett og slett nådd eit punkt der eg var så irritert over all skitsnakkinga som føregjekk der. Eg meiner det er veldig feil at folk skal bli mobba på denne måten, eller mobba i det heile. Det var enkelt og greitt difor eg sa i frå, seier Blindheim.

Kontakta av fleire offer

Ho fortel at ho har blitt kontakta av fleire mediehus etter at statusen hennar blei delt i stort tempo på den sosiale nettstaden. Men, ho seier også at ho har blitt kontakta av ungdommar på hennar eigen alder som har opplevd å blitt hengt ut inne på appen. Også foreldre til fleire born og ungdommar som har blitt plaga har kontakta ho.

- Eg set enormt stor pris på dei gode tilbakemeldingane, og eg håpar at vi snart kan få bukt med denne forferdelege nettmobbinga, seier Blindheim.

Her er Ingrid sitt innlegg i si heilheit:

"E de en ting ej he lært av å vere ungdom i dag, so e de at vi leve i et samfunn der vi he de so utrulig godt at vi må rake ned på andre av mangel på ting å ta oss til.. Snakka sjølvsagt om Jodel, so e blitt de nye "store" no. Først trudde ej ditte va en uskyldig spøk der folk la ut morsomme, anonyme ting som andre folk kunne lese. Her tok ej grundig feil. Etter å ha lasta ned appen en del daga etter alle andre, på grunn av mykje snakk om det, må ej sei at ej verte heilt satt ut. Mykje av de so verte lagt ut e ting ej vil kalle direkte mobbing. De e ei ny plattform der vanlige folk enda lettare enn før kan legge ut rykte om andre, og sei stygge ting om kvarandre anonymt, slik ALLE i området rundt kan lese de. Heilt ærlig trudde ej at dagens ungdom va so pass orienterte om ka nettmobbing kan føre til, at dei lot vere å bruke ei kvar ny muligheit til å gjere nettop ditte.. Meina sjølvsagt ikkje at alle som skrive ting på jodel e nettmobbara, og at man bør skille mellom ka so e uskyldig spøk og ka so faktisk e mobbing. Men ei oppfordring til alle dokke so faktisk he skreve ting der: e de noke som kan ha såra andre, eller noke so e retta negativt mot enkeltpersona eller mot ei gruppe? I sofall synst ej du ska tenke me dej sjøl at det e akkurat slik nettmobbing foregår. Ej synnst jodel e heilt usmakelig og feigt, og ej skrive ditte på Facebook fordi ej ikkje he plana om å ver like feig som dei so bruka dinne appen for å rake ned på andre! I tillegg må ej sei de e flaut å vere ungdom i et samfunn der folk på samme alder som mej oppføre sej slik mot kvarandre..."