– Med unntak av Venstre er alle partia samde om innføring av eigedomsskatt i Ulstein kommune frå 2017. Framstegspartiet meiner at vi ikkje kan vente, og at den bør innførast frå 2016, fortel ordførar Knut Erik Engh (Frp).

Komande torsdag skal budsjett og økonomiplan på bordet i kommunestyret, og Engh håpar på at ein skal klare å kome fram til ei løysing. Formannskapet greidde ikkje å kome fram til ei felles tilråding.

– Eg bad partia om å synleggjere sine alternativ. Det meiner eg er ein bra måte å vise dei partipolitiske prioriteringane. I etterkant av formannskapsmøtet har vi prøvd å møtast på gruppeleiarnivå, og med meg som ordførar, for å prøve å kome fram til eit fellesframlegg, seier Engh.

Det har vist seg å vere krevjande.

– Ein ting er tenestene ein ønskjer å prioritere, men det utfordrande biletet er knytt til innføring av eigedomsskatt.

Engh og Framstegspartiet meiner at sidan kommunen no går inn i ei periode der ein ser ei kraftig oppbremsing i investeringane, og at dette vil føre til likviditetsmessige utfordringar for kommunen.

– Det skjer når vi ikkje lenger har unytta lånemidlar, ikkje arbeidskapital til å ta dei naturlege svingingane i inntektene. For utgiftene ligg meir flatt. Det blir hevda at vi har så mykje fond at det ikkje er noko problem, men det er ikkje heilt rett. Vi har noko som heiter premieavvik på pensjon, og det er pengar som vi har betalt ut, men som ikkje er bokført. Dei blir nedskrive over ei lenger periode, men likviditetsmessig har vi ikkje dei pengane.

Må låne i 2017

Derfor meiner Engh at ein allereie no må ta inn eigedomsskatt, slik at Ulstein kommune kan byggje seg opp eit likviditetsfond.

– Kall det gjerne ein reservekonto, for å ta den likviditetsskvisen som vi vil få i løpet av 2017. Gjer vi ikkje det så er vi nøydde til å gå ut og låne pengar i 2017 for å ha til arbeidskapital, seier Engh, som ikkje legg skjul på at han er noko oppgitt over haldninga til dei andre partia.

– Det er betre å byrje no, når vi har god styring, heller enn å kome halsane etter. Det er for seint å spare når ein treng pengane, slår Engh fast.

Ordføraren fortel at han forstår dei andre partia slik at dei ikkje ønskjer å legge ei ekstra byrde til innbyggjarane i det som for mange er ei vanskeleg og usikker tid.

– Det kan hende det vil gjelde eit fåtal, som ikkje har råd til å betale, men slik vil det vere i 2017 også.

Skal ikkje gå til drift

Som representant for Frp seier Engh at det kjennest rart å skulle vere den jobbar for å få innført eigedomsskatt.

– Vi har ikkje eit mål om å innføre eigedomsskatt. Det er ein skatt vi ikkje ønskjer, og som vi ikkje vil skal vare ved. Difor har vi sagt at det som blir tatt inn gjennom eigedomsskatt berre skal gå til oppbygging av arbeidskapital. Det skal ikkje gå inn i drifta av kommunen. Byrjar vi å bruke av det til å styrke skule, helse og omsorg eller liknande, så blir vi aldri kvitt skatten, trur Engh.

Ordføraren meiner at ein gjennom å berre bruke inntektene frå eigedomsskatt til å bygge seg opp kapital, så vil ein kunne avslutte eigedomsskatten etter fire-fem år.

– Då vil vi kunne ha sunn drift, der vi ikkje treng om å vere avhengige av å vere i rett likviditetsperiode for å vite om vi kan leige inn vikarar ved sjukmeldingar. Då har vi noko å flyte på, fortel han.

Engh er oppteken av at Ulstein kommune skal ha størst mogleg handlefridom.

– Vi skal kunne kjøpe asfalt når den er billegast, ikkje fordi det er då og då vi har pengar. At vi har handlekraft. Det handlar ikkje om at vi skal ha og bruke meir pengar, men at vi kan bruke dei mest mogleg effektivt.

Møter forståing

Knut Erik Engh trur dei fleste innbyggjarane i Ulstein har forståing for at kommunen truleg vil kome til å innføre eigedomsskatt.

– Eg trur det viktigaste for folk er at den ikkje blir for høg, og at vi ikkje sløser vekk inntektene, seier Engh.

Trur du Ulstein kommune klarar å kvitte seg med eigedomsskatten, dersom den først blir innført?

– Ja, så sant vi ikkje brukar den inn mot drifta. Då har vi forhåpentlegvis fonda våre på det nivået dei bør vere. Vi treng ein arbeidskapital på om lag 60–70 millionar. Det er vårt mål, å bygge oss opp dit og deretter vil vi kutte, fortel Engh.