Økobryggeriet Grim og Gryt på Hareid er komne til finalen i Det norske måltid.

Grim 6 Gryt er nominert i klassa "Årets tradisjonsøl" for øltypen 6060 Lys øl.

Dei skal konkurrere med Pilegrimspilsner frå Akershus og Slaget på Vågen frå Lysefjorden Mikrobryggeri i Hordaland.

Det er første gong øl er tatt med som eigen kategori i konkurransen.

- Dette er kjempeflott for oss. Det norske måltid er den sværaste matprisen vi landet, og det hadde sjølvsagt vore gjevt å gå til topps, kommenterer Øyvind Grimstad Gryt i Grim & Gryt.

No er det ikkje så mykje meir dei kan gjere enn å vente på resultatet.

Byggjer om produksjonslokala

- Juryen har testa 6060 Lys øl, og kåringa skal vere ferdig. Men vi får ikkje vite kven vinnarane blir før . januar, fortel Grimstad Gryt.

I det siste har Grim & Gryt brukt ein del tid på å bygge om produksjonslokala sine på ytre Hareid. Dette gjer dei for å skape ein meir effektiv produksjon.

Andreas Grimstad jobbar i heiltid, Øyvind Grimstad har førebels 80 prosent stilling og i tillegg jobbar der to personar på deltid.

Akkurat no er det juleølet det går mest av.

- Juleølet forsvann raskt ut av produksjonslokala våre. No er det ute i butikkane det skjer, seier Grimstad Gryt.

Han slår fast at lokalmarknaden er svært viktig for Grim & Gryt.

- Vi har møtt svært mykje godvilje lokalt, og det speglar seg att på salstala våre.

33 finalistar

Det er i alt 33 finalistar med i konkurransen, og ein av klassevinnarane blir kåra til Årets matspire, og får 100.000 kroner til å utvikle merkevara og marknadspotensialet.

Kåringa Det norske måltid vart starta i 2008, og målet er å vise fram den gode maten og råvarene som blir produsert rundt om i landet.