Sunnmøre historielag er her med si 91. årbok. To hus i Ulstein er med på ein kavalkade over sunnmørshus som er frå tida før 1650.

Det eine er Kleivastova på Dimnøya, det andre er eit gamalt hus – ei borgstove – i Petterbakken i Ulsteinvik. Denne stova har no vorte meir synleg frå sentrum etter at utgravingane i høve Arena Ulstein starta. Tømmeret i denne stova tyder på at det er frå før 1600. Løebygningen på garden er dendrokronologisk undersøkt, og her finst stokkar frå 1504, 1613 og 1615.

Kleivastova er tømmerkjernen frå eit lite stabbur eller sengabud på 4 x 4 meter. Tilhogginga av tømmeret tyder på at det er frå tida rett etter 1600.

Årsskriftet har 11 godt illustrerte artiklar og startar med ei interessant og gripande sak om NN-fangen Jon Arne Austnes frå Nordøyane, som enda livet sitt i eit tukthus i den polske byen som i dag heiter Slonsk. Men i 2. verdskrig heitte byen Sonnenburg og låg i Tyskland. Aud Farstad har forfatta artikkelen. Jon Arne Austnes var onkelen hennar.

Også Oddbjørn Hofseth set krigsåra i perspektiv med si forteljing om Per Ratvik i Kompani Linge.

Ein artikkel om båtutviklinga i norsk kystfiske på 1800-talet av Arnljot Løseth burde ha stor interesse her på det båtbyggande Sunnmøre. Artikkelen er illustrert med teikningar og foto.

Så gir Line Iversen innblikk i utviklinga av kvinnedrakta på Sunnmøre på 1800-talet, medan  Jostein Fet skriv om «gardregler» på Sunnmøre. Kva er ei gardregle? Jau, ei oppramsing av namnet på gardar i ei bygd i rett geografisk rekkefylgje.

Her er også ei sak om «Færingehavn», ei tidlegare fiskerihamn og seinare oljelager på vestkysten av Grønland, skriven av nyleg avdøde Ole Bratholm. I Færingehavn sette mange sunnmøringer føtene sine. Skipper Olav Hareide på «Hareidingen» er mellom dei nemnde.

Torbjørn Urke skriv om «Når purpurlyng og alt som kunde gro grodde». Her får vi vite at Ivar Aasen truleg var den første som fann denne lyngen på Sunnmøre, ved «Herrøe» (Herøy). Professor Rolf Nordhagen gjorde eit «gjenfunn» av lyngen i 1986. Artikkelforfattaren var på ekskursjon med han og hadde base på Central Hotel i Ulsteinvik. Nordhagen navigerte etter høvelege landskapsformer og gjekk seg rett frampå lyngen på Hidsneset.

Den alt nemnde artikkelen om dei eldste husa på Sunnmøre er skriven av Per Sæther – og med eit rikt fototilbehør.

Harald Kjølås har også ein bidrag til årboka: «Mjølketransporten på fjorden». Denne transporten gjekk inn i 1959.

Trine Heen har undersøkt kvinnerepresentasjonen i lokalpolitikken i Ålesund 1963-1990 – og så blir årboka avslutta med at Eirik Herdlevær Søyland fortel om marinarkeologiske undersøkingar i Katevågen ved Borgundkaupangen. Han kan melde om fire typar hovudfunn: lær, bein, keramikk og tre.

Den flotte årboka er produsert av Osberget AS. I skriftstyret har Jarle Sulebust, Ole M. Ellefsen, Heidi Heggem og Ingvil Eilertsen Grimstad hatt sete.