– Det blir avhøyr av fleire personar over nyttår.

Det seier etterforskingsleiar i Søre driftseining i Sunnmøre politidistrikt, Grete Hjelle, til Vikebladet Vestposten.

Ingen mistenkte

Det var natt til 25. oktober at huset til to familiar, på i alt 12 personar med utanlandsk bakgrunn, blei totalskadd i brann.

Politiet bekrefta kvelden etter at brannen var påsett. Sidan har saka vore under etterforsking, men det har ikkje lukkast politiet i å finne ut kven som har gjort dette.

– Slik saka står no har vi ingen gjerningsmann. Vi har ikkje sikta nokon for ugjerninga, seier politioverbetjent ved Ulstein og Hareid lensmannskontor, Leif Arne Mork.

Politioverbetjenten fortel derimot at ein har sikra seg fleire spor i etterkant.

– Vi har fleire spor å gå etter, og fleire lause trådar å nøste opp i, seier Mork.

Fann bensinkanne

Ikkje så mange dagane etter hendinga fortalde politiet at dei hadde funne ei bensinkanne, ikkje så langt frå huset.

– Vi fekk kartlagt og saumfare åstaden relativt raskt etter at brannen var sløkt. Då vart det mellom anna funne ei bensinkanne, seier Mork.

Mange tenkte nok umiddelbart at denne hadde noko med eldspåsetjinga å gjere.

– Vi kan ikkje på noverande tidspunkt seie at den ikkje hadde noko med brannen å gjere. Vi set den i samanheng med brannen, og har bevisført den slik som det andre vi fann.

– Ikkje hatkriminalitet

Eit spørsmål som dukka ganske så raskt opp etter hendinga var om dette kunne ha vore rasistisk motivert, hatkriminalitet.

– Det er framleis slik at vi ikkje har noko som helst grunnlag for å seie at dette har med hatkriminalitet å gjere. Med det vi på noverande tidspunkt veit, og med bakgrunn i kva etterforskinga til no viser har vi ikkje det, seier politioverbetjent Mork til slutt.