Den staslege, to år gamle hokatte «Bella», såg sitt snitt til å ta seg ein tur ut nyttårsafta om ettermiddagen.

Sambuarparet Eirik Riise og Helene Rasmussen såg ingen fare i det, for den kastrerte hokatten er van med å gå fritt.

- Ho brukar ikkje å gå så langt, og ho brukar ikkje å vere så lenge ute, forklarer Eirik.

Han skildrar Bella som ein folkekjær og snill katt.

- Ho var vore ein del av familien vår sidan vi flytta hit for to år sidan, fortel Helene Rasmussen.

Første nyttårsdag  var begge to ute og ropte etter henne fleire gonger, men responsen uteblei.

- Rundt klokka 23.00 var eg ute i døra for å rope etter henne igjen. Då syntest eg at eg høyrde ei svak mjauing, og eg vart ståande å lokke på henne, fortel Helene.

Synet som møtte dei var sjokkerande.

- Eg hadde aldri trudd at ein kattehale kunne sjå slik ut. Alt av pels, kjøt og sener var borte. Halen var flådd, heilt frå tuppen og inn til endetarmen. Det var berre eit tynt bein att. Akkurat som ein rottehale, fortel Eirik.

Aldri sett liknande

Sambuarparet fekk summa seg såpass at dei leita seg fram til telefonnummeret til veterinærvakta. Det var dyrlege John Osnes, med meir enn 40 års røynsle som tok telefonen.

- Han var svært imøtekomande. Sjølv om det nærma seg midnatt fekk i kome til veterinærkontoret i Saunesmarka, fortel Helene.

I følgje Eirik var også den røynde dyrlegen overraska over synet av «Bella».

- Osnes sa at han aldri i sin karriere hadde sett eit liknande syn, seier Eirik.

Halen var altså heilt flerra for pels, kjøt og sener. Men Bella har ikkje eit einaste brot i kroppen.

Håper det ikkje er folk

- Hadde ho  blitt køyrde over av ein bil, vil eg tru ho har fått brotskader. Og viss ho har vore i kamp med eit anna dyra, vil eg tru ho i det minste hadde kloremerke. Men det ville uansett vere rart at halen var flerra så «perfekt» rein, kommenterer Eirik.

Han står att med to forklaringar: Bella kan ha hekta seg fast i noko kvasst, og fått halen flådd i kampen for å kome seg fri. Men Eirik meiner også den teorien er litt svak.

- Eg håper eigentleg at det er dette som har skjedd. For viss ikkje er siste teori at det er folk som har gjort dette. Og den tanken er forferdeleg. Då er det dyrmishandling av verste sort, seier han.

Dyrlegen såg ingen annan utveg enn å amputere halen til Bella. Heilt inn til endetarmsopninga. Med berre eit bein igjen var det ikkje håp om at pelsen kunne gro ut att.

No ligg Bella heime utan hale, men med ei mengde sting  store mengder sting. Ho er full av smertestillande og får også antibiotika.

- Vi veit ikkje korleis det vil gå. Sidan halen er amputert  heilt inn til endetarmen er det sjølvsagt større fare for infeksjon. Og spørsmålet blir kva slags liv ho kan få utan hale. Planen er at stinga skal takast om fjorten dagar. Viss ho lever då, må vi vurdere om ho får eit liv som er verd å leve, eller om det beste for henne er å sleppe meir.  Vi  håper inderleg at det ikkje er folk som har gjort dette, seier Helene og Eirik.

Sambuarparet Helene Rasmussen og Eirik Riise på Ytre Hareid håper det ikkje er folk som har fare så stygt åt med to år gamle "Bella".