- Vi har fått inn hundre søknadar per dag sidan vi annonserte at vi ønskte statistar til "Børning 2". Vi har vore borti liknande tal før, men dette held berre fram, seier Karlsen til Vikebladet Vestposten.

Berre medan vi var på telefon med Karlsen kom det inn to nye søknadar. Verto-sjefen fortel om ein enorm pågang, og at ein har fått inn søkjarar frå heile Norge.

- Sjølv om vi berre har fronta dette lokalt, har det spreidd seg over heile Norge via sosiale mediar. Vi hadde ikkje trudd at vi kom til å få ein slik enorm respons, men det er berre bra. Dette er ei hending som er god reklame for regionen, og noko mange set pris på, seier Karlsen.

Nokre scener av "Børning 2" skal 9. og 10. februar spelast inn i nettopp Fosnavåg, og det blir nok litt av eit arbeid for bemanningsbyrået og filmselskapet å sile ut og kome fram til dei rette kandidatane.

- Det blir nok vanskeleg for filmselskapet å plukke ut kven som får bli med, seier Henning Karlsen.

Frivilleg arbeid

Verto Norge AS fekk oppdraget fordi dei er eit lokalt bemanningsbyrå med stort nettverk. Om du trudde bemanningsselskapet får betalt for denne store jobben, må du tru om igjen. Dagleg leiar Karlsen fortel at dei først og fremst har teke på seg dette oppdraget fordi dei ønskjer å bidra til at ei slik stor kulturell hending kan finne stad i regionen.

- Det er eit viktig prosjekt for regionen, og ein fin måte å vise den fram til kinopublikum over heile landet. Det er eit veldig spanande prosjekt å få hjelpe til med.

Karlsen fortel at det er alt i frå profesjonelle skodespelarar til reine amatørar som har søkt.

- Det er folk frå alle aldersgrupper, og det er bra fordeling mellom kjønna.

Han kan også røpe at eit fåtal av dei femti som blir plukka ut, får meir tid på skjermen enn andre.

- Nokre av dei femti får vere meir i fokus enn andre, seier Karlsen til slutt, utan å røpe korleis.

Hallvard Bræin (t.h.) var regissøren bak Børning, og blir også det på Børning 2. Nærare 400.000 såg den firedobbelte Amanda-vinnande bilfilmen på kino. Her er regissøren i prat med Henrik Mestad (f.v.), Otto Jespersen og Sven Nordin under innspelinga av første filmen. Foto: Eirik Aavatsmark/Filmkameratene.