Høgskulen i Volda og Universitetet i Bergen vurderer å søkje om pengar til eit felles senter for framifrå utdanning i mediefag. Eit samarbeid om språksamlingane, som universitetet overtok ansvaret for før jul, er òg på bordet.

Mens alliansekamerat Høgskulen i Lillehammer no snakkar med Høgskolen i Hedmark om ein mogleg fusjon, brevvekslar rektor Johann Roppen ved Høgskulen i Volda med rektor Dag Rune Olsen ved Universitetet i Bergen, skriv høgskuleavisa Khrono.

Roppen er ikkje avvisande til at Høgskulen i Volda på sikt kan vekse saman med og bli ein del av Universitetet i Bergen.

– Men da kjem det eventuelt til å skje organisk og heilt naturleg, ikkje etter press, seier Roppen til avisa.

Der er han og UiB-rektoren heilt på linje.

– Det er betre å starte med det faglege samarbeidet, i motsetning til å byrje med ein «top-down»-fusjon og håpe på at ein etterpå får samkøyrt fagmiljøa, seier Olsen til universitetsavisa På høyden.

Felles mediefagsenter

I eit brev til Roppen har Olsen mellom anna foreslått ein felles søknad om eit senter for framifrå utdanning (SFU) i mediefag og at Høgskulen i Volda tar på seg ansvaret for Norsk Ordbok og leksikografidelen av dei nasjonale språksamlingane. Olsen meiner dessutan at Volda bør ha ein naturleg knutepunktfunksjon for nynorskforskinga på Vestlandet.

Han ser elles for seg samarbeidsmoglegheiter innanfor masterutdanning i historie, lærar- og lektorutdanning, kunstfag og fjernundervisning.

– God mottaking

– Brevet og skissene til samarbeid med Universitetet i Bergen har fått veldig god mottaking her i Volda, seier Roppen, som strekar under at dette stadig handlar om samarbeid og ikkje fusjon.

Torsdag denne veka er det likevel forslaget til ein allianse med Høgskulen i Molde og Høgskulen i Lillehammer som skal på bordet. Da skal dei tre høgskulane møte Kunnskapsdepartementet, som truleg gir dei eit klart ja eller nei til ein slik samarbeidsmodell som eit alternativ til fusjon.