Torsdag signerte Linda Haddal Røssevoll ny kontrakt med UDI. Den nye avtalen inneber at hotellet blir akuttmottak fram til 6. april.

Hotellet har vore akuttmottak sidan januar. Kontrakten som då vart inngått lydde på to månader, med høve til to opsjonar.

- No blir opsjon nummer ein sett i kraft, forklarer Haddal Røssevoll.

I utgangspunktet er der endå ein opsjon som kan setjast i verk, viss partane er interesserte.

Akuttmottaket ved Melshorn Hotell hyser no 107 asylsøkjarar.

- Eg synest det har gått fint til denne tid, og UDI har gitt uttrykk for at dei er nøgde med drifta vår, oppsummerer Linda Haddal Røssevoll.