Onsdag 2. februar blir det første av i alt fire folkemøte arrangert i Ulstein kommune. Møta er lagt til Ulsteinvik ungdomsskule, Hasund skule, Haddal skule og Ulstein skule. Møta blir arrangert onsdag og torsdag dei to komande vekene.

– Det er fire tema som blir tekne opp på desse møta, og som vi ønskjer innspel frå innbyggjarane på, fortel ordførar Knut Erik Engh (Frp).

Dei fire temaa er: Kommunereform, kommuneplan, trafikktryggingsplan og miljøtiltak i krinsane.

– Det blir ei kort innleiing av møtet, og denne skal vere kort, og deretter ønskjer vi å opne for diskusjon og debatt, seier Engh og peikar på at kommunen mellom anna ønskjer innspel og idear til kommuneplanen   om utnytting av areal.

– Vi ønskjer innbyggjarpåverknad og innspel på hovudtema vi satsar på i kommuneplanen sin samfunnsdel. Det gjeld til dømes tettstadutvikling, og integrering og mangfald, som er nytt i denne planen.

Engh fortel at trafikktryggingsplanen er ute på høyring no, og at ein ønskjer tilbakemeldingar frå innbyggjarane.

I tillegg blir det sjølvsagt tid til diskusjonar om kommunereforma. Kommunane på ytre Søre skal no inn i forhandlingar om ei potensiell storkommune.

– Då ønskjer vi innspel på kva folket meiner er viktig å ta med seg inn i forhandlingane og kva vi bør legge vekt på.

Ordføraren legg til at han håpar mange vil ta turen til folkemøta.

– Dette er viktig! Det er heilt avgjerande at vi får vite kva innbyggjarane meiner, slår Engh fast.