For eit år sidan lanserte Ulsteinvik Bibelsenter at dei ville kjøpe AKtivitetshuset på Store Vikholmen. Men førre veke vart det klart at ei ny stifting, av Ulsteinvik Småbåtlag, Ulstein Seilforening og Sørøyane Røde Kors, vil kjøpe huset. Ulstein kommune stiller seg positiv til denne overtakinga, og stiller med lånegaranti på to millionar til stiftinga "Vikholmen".

Ulsteinvik Bibelsenter likar ikkje ordførar Knut Erik Engh sine svar til Pål Grødahl i dette møtet om denne saka. Dei har difor sendt eit to sider langt brev til kommunen.

Kjenner seg brukte

Ordføraren sa at han hadde kommunisert til styret i Stiftelsen at det var viktig for kommunen å vidarføre føremålet til stiftinga. Men dette kom ikkje fram i annonsen på Finn.no om kjøp av huset. I samtalar med styreleiar fekk Bibelsenteret inntrykk av at huset skulle seljast på den opne marknaden til høgsbydande. Hadde dei kjent premissa ville dei ikkje bydd. No kjenner dei det som dei har blitt brukte til å presse opp prisen på huset, utan at dei hadde ein reell sjanse til å kjøpe huset.

Leigetakarar ut 2017

Ulsteinvik Bibelsenter (UBS) presiserer i brev til Ulstein kommune at dei har leigeavtale fram til 31. 12. 2017 i Aktivitetshuset på Vikholmen.

Dei har leigd lokale der sidan 2008. Til saman har dei betalt husleige på 443 900 kroner. Dei har også kjøpt to varmepumper og skifta gardiner i storsalen.

Dei reagerer på at ulsteinordføraren sa på sist kommunestyremøte at UBS sitt leigeforhold utelukkar ein del andre arrangement og at attraktiviteten har gått ned på grunn av dette.

UBS er villige til å avslutte leigeforholdet sitt når den nye stiftinga tek over, om det er best for alle partar, men problemet er at det ikkje lenger er ledige forsamlingslokale i kommunen som eignar seg.

- Korleis vil Ulstein kommune stille seg til eventuell omregulering dersom det skulle verte aktuelt å inngå avtale om leige eller kjøp av ein næringseigedom til dømes på strekninga frå Ulsteinvik sentrum til Saunesmarka, vil Helge Myklebust, styremedlem i Ulsteinvik Bibelsenter vite.

Han har sidan 2010 teke på seg å organisere utleige av huset, sidan Rolls-Royce melde at dei hadde problem med å få folk til å ta på seg denne oppgåva. Han skriv at han har brukt mange timar av fritida si på denne jobben og meiner Ulsteinvik Bibelsenter har vore fleksible.