Møre bispedøme har lyst ledig ei kapellanstilling i Ulstein sokn, og det gler sokneprest Margit Lovise Holte stort.

– Ulstein sokn har lenge hatt små ressursar i høve til mange andre sokn på same storleik, fortel Holte.

Ei viktig årsak til dette er at folketalet har auka kraftig i Ulstein dei siste åra, utan at det har blitt lyst ut fleire prestestillingar.

Kristian Myklebust var tilsette i ei 50-prosentstilling, og Sjur Sæter har vore inne i ei brøkstilling. Men no er det altså lyst ut ei kapellanstilling i 100 prosent.

– Sidan eg tok til som sokneprest i 2011 har vi hatt 13 ulike vikarar inne, og det blir for mykje, kommenterer Holte.

Ho er svært spent på korleis søkjarmassen bli.

– Tidene er krevjande. Mange prestar går av med pensjon, og det er færre som kjem etter, slår ho fast.

I Hareid sokn vart det i fjor tre gonger lyst etter sokneprest, men utan resultat.

Holte understrekar at Ulstein skal samarbeide med Hareid om gudstenester og gravferder.