Politiet på Sunnmøre melder onsdag ettermiddag at eit vogntog står fast på FV61 i stigninga opp mot Saunesmarka.

Vogntoget skaper problem for trafikken i området, og politiet er på staden.

Ifølgje Vikebladet.no sin utsende reportar er politiet igang med dirigering av trafikken på staden. Sjølve lastebilen står ute i grøfta, men vogna er til hinder for trafikken.

Det er for tida vanskelege køyreforhold mange stadar i fylket. Dette har ført til at fleire vogntog står faste eller har køyrt av vegen.

Politiet melder i at bilberging er på plass og at vogntoget vart fjerna frå vegen litt etter 18.00.