Over kafébordet på Mjøl & Meir fortel ulsteiningen om sjukdommen han fekk påvist i fjor sommar. Ein sjukdom som har gjort livet hans meir usikkert.

– For fem-seks år sidan byrja eg å få plager som kunne minne om nyrestein. Det forsvann igjen, og eg kjende ikkje noko av det på nokre år. Så plutseleg ei natt vakna eg og var veldig dårleg. Bror min køyrde meg til legevakta i Volda, og eg blei innlagd der. Då byrja ballen for alvor å rulle, fortel Roy Cato.

Først blei han greia ut for det legane trudde måtte vere knytt til fysiske sjukdommar. Først i fjor kom legane inn på at det Roy Cato var plaga av måtte vere MS, eller Multippel Sklerose.

– Det var enkelt å finne ut av når legane først kom til å tenke i retning MS, seier Roy Cato.Han har no hatt diagnosen sidan i juni i fjor.

– Eg har i det minste fått eit svar på kva det er som har vore årsak til plagene mine gjennom desse åra.

Tung tid

Tida etter har forståeleg nok vore svært tung for Roy Cato.

– Klart, det er aldri kjekt å få ein slik beskjed. Det er ein sjukdom det er knytt mykje uvisse kring, og det finnast ikkje gode nok behandlingar av sjukdommen i Norge i dag. Eg går på medisin, men eg blir ikkje betre av den. Ja, medisinen bremsar utviklinga noko, og kurerer somme av symptoma, men sjølve sjukdommen er der framleis.

Starta Facebook-gruppe

To gode venninner av Roy Cato, Marlen Bøhmer og Marte Hareide, gjekk for nesten to veker sidan i bresjen for å starte ei Facebook-gruppe, «Hjelp Roy Cato å få stamcelletransplantasjon». Målet er å få samla inn nok pengar til at Roy Cato kan få gjennomført ein slik transplantasjon i utlandet. Kostnaden for ein slik operasjon er rekna til rundt 500.000 kroner, som også er summen ein vil prøve å samle inn via innsamlingsaksjonen.

– Dette er ikkje ein sum det er mogleg for ein heilt ordinær person å få tak i sjølv, sånn ut av det blå. Vi får som deltakarar i sosiale media spørsmål om å støtte mange gode saker rundt oss. Men dette blir for oss ekstra nært, i og med at vi kjenner Roy Cato, og er veldig glad i venen vår. Vi har lyst til at han skal få bli frisk igjen, og få tilbake livet sitt. Vi håpar det er fleire i regionen, men også andre stader, som ønskjer å hjelpe han på vegen mot dette målet. Det er ikkje mykje som er betre enn å hjelpe eit medmenneske tilbake til eit betre liv, seier Marlen Bøhmer og Marte Hareide.

Vanskeleg sjukdom

Multippel sklerose er ein kronisk sjukdom, som per i dag ikkje er mogleg å kurere heilt. Det er ein nevrologisk sjukdom, som rammar sentralnervesystemet. I Roy Cato sitt tilfelle er det i blæra og urinvegane sjukdommen har gitt utslag.

– Det er ikkje så kjekt for ein 30 år gammal, elles ganske frisk mann, å måtte nytte kateter dagleg, seier Roy Cato.

Det er særs vanskeleg å vite korleis sjukdommen utviklar seg vidare, noko han også har tenkt mykje på.

– Eg har ofte tenkt på om eg ein eller annan gang vaknar opp om morgonen, blind. Det er no eg kan gjere noko med dette, før det går for langt. Eg vil ha livet mitt tilbake, seier Roy Cato Pedersen til slutt.

<strong>Diagnostisert med MS:</strong> Roy Cato Pedersen (30), som jobbar med logistikk for DHL ved Rolls-Royce i Ulsteinvik, fekk i juni i fjor diagnosen MS. Ein sjukdom som årleg rammar rundt 300 nordmenn. Han er i dag ein av 10.000 i Norge som har sjukdomen. Foto: Johan Slåttavik.