I løpet av ettermiddagen torsdag er det fleire trailerar som har køyrt av vegen på Sunnmøre. Mellom anna var eit vogntog av vegen på Leikong, men dette har seinare kome seg vekk og trafikken skal gå som normalt.

På Drageskaret i Sande skal ein trailer stå fast. Ifølgje politiet på Sunnmøre står den ved ein sving, noko som gjer det uoversiktelig på staden. Politiet melder at vogntoget står slik til at den sperrar heile vegen. Det er behov for bilberging på staden.

Oppdatert 19.50: Politiet melder at vogntoget på Drageskaret har fått hjelp frå private slik at vegen skal vere open for trafikk.