Atle Måseide ber Hareid kommune forklare kvifor dottera hans har fått eit brev der heile teksten er på bokmål.

Til liks med mange andre no i desse dagar har også dottera til Atle Måseide fått eit brev frå Hareid kommune gjeldande årsoppgåve for 2015 i samband med sjølvmeldinga.

«Brevet var frå første til siste bokstav skrive på bokmål. Så vidt eg kjenner til, er det administrative målføret til Hareid kommune nynorsk, som inneber at alle brev frå administrasjonen i kommunen skal vere på nynorsk» påpeikar Måseide i eit brev til Hareid kommune.

Måseide skriv vidare at han går ut ifrå at det finst ei forklaring på bokmålsbrevet og ber kommunen om eit svar – og eventuelt ei orsaking.

Rådmann Bent Arild Grytten svarar at Hareid kommune seier seg leie for at dei ikkje har høve til å sende ut dette brevet med nynorsk tekst.

Ikkje nynorsk programvare

«I dette konkrete høvet og i einskilde høve der vi er avhengige av å nytte rekneskapsprogrammet «Agresso», har det seg slik at leverandøren diverre ikkje leverer programvara med nynorsk tekst, forklarer Grytten.

Han forklarer vidare at Hareid kommune av ressursomsyn ikkje har høve til å gjennomføre ei manuell handsaming i dei høva der dette er aktuelt.

Bent Arild Grytten kallar det heile sterkt beklageleg og at dette er noko som absolutt bør takast opp med leverandøren. Kor vidt ein kan få gjennomslag for eit slikt krav innanfor ein allereie etablert avtale er rådmannen elles noko usikker på.