Kartverket har gitt seg med trykte produkt. I staden har etaten no laga ei løysing der folk sjølv kan skrive ut kartet over den delen av Noreg dei ønskjer, skriv Aftenposten.

I ei årrekkje har Kartverket vore ansvarleg for å gi ut ein kartserie i målestokk 1:50 000. Dei siste åra har karta vorte distribuerte til forhandlarar som sjølv har trykt opp kart når kundane har ønskt det.

– Men i tillegg har vi ønskt å gi publikum moglegheit til å skrive ut kart over akkurat det området dei har behov for. Sjølv om ein har kart på mobil, er det mange situasjonar der det kan vere ein fordel å ha med seg papirkart også, seier formidlingsdirektør Tomas Martin Holtan i Kartverket.

Ein av fordelane er at dei elektroniske karta blir oppdaterte kvar veke med nye vegtrasear, elveløp og bygningar.