I alt 41 personar melde seg ut av Den norske kyrkja i Ulstein fjor. Dette er ein kraftig auke i høve til 2014, det året melde 16 personar seg ut.

– Eg har ikkje grunnlag til å seie noko om kvifor vi har hatt så mange utmeldingar, seier Christfried Kaul som tok til i stillinga som kyrkjeverje i Ulstein ved nyttår.

Han fortel at dei berre registrerer utmeldingane, utan å spørje kvifor folk melder seg ut.

– Dette er ei privatsak. Det kan vere at nokre vel å gå over til frikyrkjelege miljø, medan andre melder seg ut av andre årsaker. Men som sagt, vi har ikkje noko grunnlag for å slå fast kvifor så mange melde seg ut i 2015, seier Kaul.

– Trist

Han tykkjer det er trist at folk melder seg ut av kyrkja.

– Gjennom arbeidet vårt prøver vi å vere ei open kyrkje, samstundes som vi ønskjer å følgje Guds ord. Nokre tykkjer dette vert for smalt, medan andre igjen meiner det vert for vidt. Så det er ikkje enkelt, medgir Kaul.

Eit lite lyspunkt kan vere at Ulstein sokn har registrert tre innmeldingar i 2015.

I Hareid er det noko færre utmelde enn i Ulstein. 15 personar melde seg ut av kyrkja, medan 2 personar melde seg inn i fjor.

På landsplan var det i alt 15.886 medlemmer som melde seg ut av Den norske kyrkja i 2015. Samstundes var det også rekordmange som melde seg inn, 2071 personar. Direktør i Kyrkjerådets avdeling for kyrkjeordning, Ole Inge Bekkelund, seier til Nynorsk Pressekontor at han ikkje kjenner årsaka til at fleire enn normalt melde seg ut i fjor.

– Men i valår ser vi akkurat den same tendensen i dei andre folkekyrkjene i Norden. Både i Finland og i Sverige er utmeldingstala 50 og 70 prosent høgare dei åra det vert gjennomført kyrkjeval enn åra imellom, seier han til NPK.