Det «regnar» jamnt frå taket i det overbygde området mellom Ulsteinhallen og hovudtribunen på nye Høddvoll. Etter uvêret «Tor» har det nemleg blitt til dels store skadar på taket over tribuna, og på den om lag eitt år gamle Ulsteinhallen.

For også innandørs har vatnet funne fram, både ned langs veggane samt frå taket og ned på speleflata, til hinder for dei mange aktive som brukar hallen.

Vinden tok tak

- Det er eit større område på taket over tribunen der vinden har rive vekk taktekking og isolasjon, forklarer Rune Urke, dagleg leiar i Ulstein Eigedomsselskap KF.

Urke fortel at vinden har reist med om lag halvparten av taktekkinga over tribunen, eller opp mot 7-800 kvadratmeter. I tillegg har vinden rive med seg ei røykluke på taket over speleflata i Ulsteinhallen.

Midlertidige reparasjonar

- Vi har gjort midlertidige reparasjonar av takluka, og det er gjort tiltak med taktekkinga for at det ikkje skal bli følgjeskader, seier Urke, som legg til at takstfirma og forsikringsselskap arbeider med saka. Urke håpar at ein skal få gjennomført fullstendige reparasjonar så snart som råd.

- No ligg det snø på taket over hallen. Der skal vatnet gå til sluk, men på grunn av snøen så kan det vere småskader vi ikkje ser. Derfor risikerer ein også at det framleis kan drype litt nokre stadar i hallen. Tysdag var Rune Urke med fleire på synfaring i Ulsteinhallen, der skadane etter uvêret var tema.

- Det er kjedeleg med slike saker, men det er sånt som kan skje, seier Urke. Han fortel at det ikkje skal vere problem med lekkasjar i området der Ulstein vidaregåande har klasserom.

Men det er heller ikkje alle lekasjane som kan skuldast på uvêret fredag. Ved den øvre veggen i Ulsteinhallen, like ved eine måltavla, var det registrert lekasje også helga før «Tor» trefte Sunnmøre.