Innsamlinga til  netthinnekamera som Liv-Tone Ulstein Brunstad og Anette Iren Myklebust Haram i organisasjonen "De små vil også se" sette i gang seint i fjor haust, fekkk inn meir pengar enn nokon kunne tru.

Overrekte ny pustemaskin

Ikkje berre kom det inn 1,1 million kroner til netthimmekamera som vart gjeve velsejulaftan, dei fekk også inn 369 000 kroner som dei i dag fredag gav til avdelinga for tidleg fødde ved Ålesund sjukehus.

Denne summen skal sjukehuset bruke til å kjøpe pustemaskin til dei små som treng så  mykje hjelp den første tida som kom altfor fort.

Men dei hadde endå meir med seg. Det er jamvel pengar att som skal brukast til å skjerme dei små i si første levetid. Dette er ein teknikk som sjukehuset samarbeider med sjukehus i Sverige og USA om.

Overvelda

Både avdelingssjef Elisabeth Siebke og dei andre ved avdelinga er takksame og overvelda over dei store gåvene som berre få visste om på førehand.

-  Dei fleste summane kjem frå einskildpersonar, men den største gåva er frå Åse Helselag på 74 000 kroner. Då skjønar vi kor mange som har bidratt, kommenterer Liv-Tone Ulstein Brunstad.

Minst 15 000 personar har stilt opp og pengane kjem frå gåver, auksjonar og jamvel flaskeinnsamling.

Avdelinga fekk og pengar til nye møblar og sjølvsagt store posar med nye leiker.

Det nye netthinnekameraet gjer at dei nyfødde slepp dei stadige stressande helikopeterturane til Trondheim.