Men på det jamne har det vore ein heller kjølig start på 2016.

Størst svinging hadde Ørsta/Volda Lufthamn med ein skilnad på 31,5 grader mellom høgaste (+ 14,6 grader) og lågaste temperatur (- 16,9 grader).

Så stor skilnad hadde ikkje ein gong Tafjord, som kom opp i heile + 17,1 grader den 26. januar. Før det hadde Tafjord målt minus 9,8 grader som det kaldaste – og fekk dermed ein temperaturskilnad i ein og same månad på 26,9 grader.

Svinøya var som venta den stasjonen som hadde minst diferanse mellom varmaste og kjøligaste dag. Svinøy-termometeret nådde opp i + 13,0 grader på det meste og ned i minus 4,3 grader på det kaldaste Middeltemperaturen på Svinøya vart dermed likt med normalen: + 3,0 grader.

Tafjord sin middeltemperatur var 0,2 grader under normalen, medan Ørsta Volda Lufthamn var 0,8 grader under normalen.