Constructer AS i Ulsteinvik har i fleire år vore eigarar av "Rosa-eigedomen" som ligg på marka nedan for Hareid kyrkje.

Dagleg leiar Nils Erik Skeidei Constructer opplyser at planen er å rive det gamle huset på eigedomen, og i staden setje opp eit hus med 12 moderne, lettstelte leilegheiter.

Prosjektet blir kalla "Centrumshagen" og leilegheitene får eigen parkeringsplass og heis rett opp til husværa sine.

- Vi meiner plasseringa er god. Tomta ligg i sentrum, men likevel avskjerma frå dei mest trafikkerte vegane, kommenterer Skeide.

Constructer har eit liknande prosjekt i Joakimbakken, Ulsteinvik, og der har interessa vore god.

- Dersom interessa er til stades på Hareid er planen vår å starte opp i løpet av våren/sommaren. Byggemåten vår, og leverandørane våre, gjer at vi reknar med ei byggetid på om lag eit år. For dei første kan det derfor bli innflytting til påske neste år, fortel Skeide.

Han understrekar at prosjektet er avhengig av ein del interessentar før dei kan starte opp.

- Dette er husvære for folk som ønskjer ein enklare kvardag i forholdsvis store leilegheiter med gode planløysingar, legg han til.